Barnehagen har ei ressurssterk og stabil personalgruppe som syner engasjement og som er fagleg dyktige
Barnehagen er knytt opp til HSH og tek imot studentar. Dette held oss fagleg oppdaterte og studentane
gjer inspirasjon og kjem med nye tankar, som igjen er grobotn for nytenking
Barnehagen har eit unikt uteområde med stor naturtomt med skog og ulent terreng. Her får barna ta i bruk heile kroppen.
Fysisk aktivitet gjer sunne og glade barn
Barnehagen har eit nærmiljø som gjer mange varierte og flotte naturopplevingar. I tillegg har den post, butikk,
kommuneadministrasjon, lege, tannlege, bibliotek, kyrkje, skule og golfbane i gangavstand frå barnehagen
Barnehagen har ope om sommaren
Barnehagen har gode tradisjonar for høgtidsdagar og merkedagar
Barnehagen yter god service og legg vekt på eit godt samarbeid med foreldra
I Sveio barnehage legg me vekt på at dagane skal vere allsidige og varierte
Sveio barnehage har ny oppussa og flotte og lyse lokale
I Sveio Barnehage har me barnet i sentrum
BARN ER GULLGRUVER - OG DET GJELDER FOR OSS Å FÅ GULLET TIL Å SKINNE!!